Vellukka nypremiere på Heilagbrotet 2.-5.juni 2011

Heilagbrotet av Torunn Ystaas. Foto: Agurtxane Concellon
Heilagbrotet - eit lagnadsdrama om Ragna Asolfsdotter
Nypremieren 2. juni 2011 vart gjennomført i eit forrykande ver med fullsette tribunar. Totalt såg meir enn 1300 personar Heilagbrotet av Torunn Ystaas dagane 2.-5. juni 2011. Me fekk sjå glitrande spel frå profesjonelle og amatørar og naturen og veret i Simadal er med på å setja ulik farge på framsyninga frå dag til dag. Historia om Ragna Asolfsdotter er dramatisk og ber undertittelen lagnadsdrama med rette. Her er kjærleik og svik, tap og sorg og ikkje minst maktkamp. Den dramatiske historia fortel om striden i og rundt livet til Ragna i ei tid då det ikkje var enkelt og vera kvinne. Torunn Ystaas har på elegant vis knytt saman det personlege med konfliktar både regionalt og nasjonalt mellom kyrkje og kongemakt i middelalderen.


Me er stolte og glade over å kunna meddela at Rut Tellefsen har takka ja til å spela Arntora i Heilagbrotet av Torunn Ystaas. Arntora er morfaster til Ragna og spelar ei sentral rolle i livet til den unge kvinna.




